Årets høgdepunkt i 2026 kjem alt i januar.
Trur me.
På Thon Hotel Sandven i Norheimsund.
Vil du gå glipp av det?
Me tilrår det ikkje.
Eit handplukka lag av skodespelarar, songarar, musikarar og tekstforfattarar gler seg til å syna fram «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» for deg.
Nokre har kanskje underhalde deg før. Andre har du ikkje i dine villaste mareritt sett på ei scene. Me trur det vert gode greier.
Noko kjem til å koma. Kjem du?
Vel mellom billett til kun revyen klokka 20:00 eller gå for full pakke med middag før framsyninga. Middagen er i matsalen på Thon Hotel Sandven klokka 18:00 og kjem som eit tilval etter du har valt antal billettar og trykt «Bestill».