page view image

Kvammarevyen – Noko kjem til å koma! – Generalprøve

Information
event image
Fekk du ikkje tak billett til premieren fredag eller framsyninga laurdag kveld? Klarte du ikkje å kjøpa til ekstraframsyninga heller? Eller ynskjer du å sjå revyen to gonger? Då kan me kanskje hjelpa kvarandre. Me treng å øva framfor folk og ynskjer eit begrensa antal publikummarar i salen torsdag kveld.

Ver merksame på at generalprøven vil ha noko knirking, hakking og småstopp for instruksjonar og retting av detaljar.

–––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––

Årets høgdepunkt i 2026 kjem alt i januar. 

Trur me. 

På Thon Hotel Sandven i Norheimsund.

Vil du gå glipp av det? 

Me tilrår det ikkje.

Eit handplukka lag av skodespelarar, songarar, musikarar og tekstforfattarar gler seg til å syna fram «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» for deg.

Nokre har kanskje underhalde deg før. Andre har du ikkje i dine villaste mareritt sett på ei scene. Me trur det vert gode greier.

Noko kjem til å koma. 

Kjem du?

Restriktioner

Ungdomsbillett gjeld til og med 17 år. Frå fylte 18 år lyt ein kjøpa vaksenbillett.

Ansvarsfriskrivning

Endringar kan førekoma og gjev ikkje rett til refusjon av kjøpt billett. Berre dersom heile arrangementetet vert avlyst kan billetten refunderast.