Kvammarevyen – Noko kjem til å koma! – laurdag

page view image
Arrangementsdato

lørdag 24 jan 2026 20:00

Slutter lørdag 24 jan 2026 22:30
BESTILL

Tilgjengelige varer

Ungdomsbillett laurdag
Vaksenbillett laurdag
Ledsagar laurdag
event image

Arrangementsinformasjon

Årets høgdepunkt i 2026 kjem alt i januar. 

Trur me. 

På Thon Hotel Sandven i Norheimsund.

Vil du gå glipp av det? 

Me tilrår det ikkje.

Eit handplukka lag av skodespelarar, songarar, musikarar og tekstforfattarar gler seg til å syna fram «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» for deg.

Nokre har kanskje underhalde deg før. Andre har du ikkje i dine villaste mareritt sett på ei scene. Me trur det vert gode greier.

Noko kjem til å koma. Kjem du?


Vel mellom billett til kun revyen klokka 20:00 eller gå for full pakke med middag før framsyninga. Middagen er i matsalen på Thon Hotel Sandven klokka 18:00 og kjem som eit tilval etter du har valt antal billettar og trykt «Bestill».

Restriksjoner

Ungdomsbillett gjeld til og med 17 år. Frå fylte 18 år lyt ein kjøpa vaksenbillett.

Ved kjøp av middag klokka 18:00 inkluderer prisen enten dagens rett eller ein to-retters meny. Drikke kjem utanom og skal betalast direkte til Thon Hotel Sandven.

Organizer
Kultursamskipnaden Lått