Fekk du ikkje tak billett til premieren fredag eller framsyninga laurdag kveld? Klarte du ikkje å kjøpa til ekstraframsyninga heller? Eller ynskjer du å sjå revyen to gonger? Då kan me kanskje hjelpa kvarandre. Me treng å øva framfor folk og ynskjer eit begrensa antal publikummarar i salen torsdag kveld.
Ver merksame på at generalprøven vil ha noko knirking, hakking og småstopp for instruksjonar og retting av detaljar.
–––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––
Årets høgdepunkt i 2026 kjem alt i januar.
Trur me.
På Thon Hotel Sandven i Norheimsund.
Vil du gå glipp av det?
Me tilrår det ikkje.
Eit handplukka lag av skodespelarar, songarar, musikarar og tekstforfattarar gler seg til å syna fram «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» for deg.
Nokre har kanskje underhalde deg før. Andre har du ikkje i dine villaste mareritt sett på ei scene. Me trur det vert gode greier.
Noko kjem til å koma.
Kjem du?